Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
22. juli 2011 skulle vere fyrste gongen eg og venene mine, som nettopp var fylt 18, drog ut på ein danseplass i Oslo. Me var midt foran Oslo City då det smalt så det gjorde vondt i øyrene. Alle kring oss fraus, lytta, venta. Det var pip stille, i eit veldig langt minutt. Så kom sirenene, og folk begynte å rope «bombe». Det vart eit sant kaos, og me var redde. Bør ein eigentleg ta T-bane eller springe, når ein by er under terrorangrep?
Trygt heime var festen for lengst avlyst. Då me skrudde på TVen vart redselen fort erstatta av fortviling. Ein mann gjekk rundt og skaut ungdom på vår eigen alder, i vårt eige land. Han skaut AUFarar på sommarleir. «Kor er Mari? Kor er Sander?» Dei kom i sikkerheit, heldigvis.
Eg har seinare blitt kjend med fleire overlevne - som student, og etterkvart ung politiker. Du kan ta dei for å vere nett som alle andre, men dei ber på fysiske og psykiske arr for livet. Alle har sett terroren i kvitauget, alle har mista nokon dei var glad i. Og det er ikkje tilfeldig.
22. juli gjorde det tydeligare enn nokon gong at ideologisk og rasistisk motivert vald trugar samfunnet vårt. Me må leve med det, og kjempe mot det. Ti år seinare er samfunnsdebatten meir amper enn før. Netthetsen auker. Utøya-overlevne melder om drapstruslar. Ungdom vegrer seg frå å delta i politikken. Ekstremisme spirer der me ikkje ser det, og der me ser det, hatet lev framleis.
Samstundes er fleire enn før klare for å ta eit oppgjer, kloke hovud bidreg med kunnskap og innspel. Det er ei riktig utvikling. På ti år har me ikkje kome så langt. Ti år fram i tid kan me ha kome veldig mykje lenger. Men ikkje om me sover.
Eg støttar dei som meiner innvandringskritiske parti har eit stort ansvar for oppgjeret mot det farlege tankegodset bak 22. juli-terroren. Dei må gå front på å bruke legitim retorikk for restriktiv innvandringspolitikk. Politikarar som fell for freistinga med å nøre opp under framandfrykt, hat og konspirasjon er ein del av problemet. Slik framferd gjer samfunnet vårt meit hatefullt og mindre trygt. Difor må dei stillast til ansvar.
Tida er også inne for ein større, felles innsats mot utanforskap. Politisk på systemnivå. Privat i nærmiljøet, som inkluderande medmenneske. Ekstremistiske menneske har stort sett alltid kjend seg ekskludert frå samfunnet før dei vart radikaliserte. Sterk kultur for innanforskap vil gje eit tryggare samfunn, og eit betre samfunn for oss alle.
Meir kan seiast, vegen er lang, men eg vil avslutte no med å rose Jens Stoltenberg for at han møtte 22. juli-terroren i 2011 med kjærleik. Truleg kjem me ikkje i mål berre med det. Ved tiårs-markeringa blir terroren belyst med større grad av systemkritikk, og krav om konkret bekjemping av høgreekstem ideologi, noko eg syns er både berettiga og veldig konstruktivt.
Men når me no tek eit kraftigare oppgjør, håpar eg likevel at me også vil ta med oss kjærleiken.