Gå til sidens hovedinnhold

Kan valresultatet i det heile tatt kallast eit raudgrønt skifte no?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

SV har brutt regjeringsforhandlingane. Det er klart, etter at Sp og Ap har sett seg tydelege krav til SV om saker dei ikkje er villege til å forhandle om, men som er viktige for både miljø og fordeling.

Ap og Sp bekrefter altsåat dei er tilbakehaldne i å levere på, og til og med forhandle om, både raud og grøn politikk. Det må velgarane som har stemt på Ap og Sp, i god tru om å få god framgong på miljø og fordeling, merke seg.

Eg syns sjølvsagt det var leit at MDG korkje kom over sperregrensa eller i posisjon til å forhandle om regjeringsmakt. Gitt resultatet, har eg likevel heia stort på at SV skulle få gjennomslag for ein god platform med Ap og Sp, og ha grunnlag for å gå i regjering, men dessverre gjekk ikkje det heller, i denne omgongen.

Når dette er utfallet av regjeringsforhandlingane, kan valresultatet i det heile tatt kallast eit raudgrønt skifte? Me slepp kanskje fleire dyre, høgreideologiske, upopulære reformar, og bøndene får kanskje litt betre betald. Ut over det vil eg med signala frå regjeringssonderingane bli overraska om Ap og Sp gjer noko meir enn å marginalt redusere ulikskapane, om dei gjer noko som helst av omfang for å stoppe tapet av natur og artsmangfald, og om dei, med alle sine unntak i klimapolitikken, vil klare å levere utsleppskutt i tråd med Paris-avtala.

Mange år til med bonn gass for vidareutvikling av fossilindustrien er også så godt som stadfesta for Noreg sin del no, i strid med FNs sterke oppmoding om å slutte å leite. Det finst som kjend ikkje rom for leiting etter ny, fossil energi innanfor 1,5-gradersmålet. Utsleppa i verda frå brenning av ny, norsk olje og gass, som Ap og Sp vil stimulere til framover, vil truleg vere Noregs bidrag til at målet ryk. Det bind også mykje kapital og arbeidskraft til fossil industri, som me helst burde brukt på å byggje grøne arbeidsplassar som gir trygg økonomi for framtida.

Eg håpar Ap og Sp endrer meining så raskt som mogleg i løpet av stortingsperioda, og at dei finn grunnlag for å danne fleirtalsregjering med SV. Eg håpar dei kjem til einigheit om noko som er mindre ille, og helst ganske bra. Om ikkje håpar eg å bli positivt overraska. Måtte krefter i Ap og Sp som er både grønare og raudare enn partitoppane som har vore ansvarlege for regjeringssonderingar, vinne fram i eigne rekkjer.

Ovanfor veljarar i drammensregionen vil eg også nytte dette innlegget til å seie takk til alle som har følgd meg som stortingskandidat i valkampen, og til alle veljarar som ga meg og MDG tillit - mellom anna for å jobbe fram grøne alternativ til den svulmande drammensbilismen, gode kår for kultur- og serveringsliv, billegare og meir tilgjengeleg reparasjon, boligpolitikk for folket, ikkje spekulantane, og bekjemping av barnefattigdom.

MDG har aldri fått høgare oppslutnad i Drammen, Lier og Øvre Eiker (og fleirtalet av andre kommuner i Buskerud) ved eit stortingsval, men me har sjølvsagt også mange lærdommar no som me vil ta med oss, for å kome sterkare attende neste gong.

Sjølv om me ikkje nådde sperregrensa denne gongen heller, har fått det høgaste valresultat sidan me vart stifta, me har hatt ei historisk medlemsvekst og breiare støtte enn nokon gong. Ikkje minst har me tredobla stortingsgruppa vår. Det gir eit kraftig lyftfor moglegheiten til å profilere oss på fleire saker, som me veit mange etterlyser - samanlikna med dei åtte åra som ligg bak oss med berre éin stortingsrepresentant. Stortingsgruppa vil også auke kapasiteten til å gruble og kna på klok, heilskapleg politikk, og førebu partiet til å i neste omgong få større gjennomslag på Stortinget.

Visjonen vår er eit medmenneskleg samfunn i økologisk balanse, og kampen fortsett.

LES OGSÅ:

Les også

Bruker en million på å reparere natur: – Meningsløst og ulogisk

Les også

Klimaangst: – Jeg så fremtiden som en katastrofefilm

Les også

MDG vil legge ned all oljeutdanning i Norge

Kommentarer til denne saken