Død, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Foto:

Av
DEL

Leserbrev9. november er det 10 år sidan den tragiske brannen på Gulskogen der sju polske bygningsarbeidarar omkom og fleire vart skada for livet. Brannen viste oss den verkelege prisen bak billeg oppussing, svart arbeid, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Det er alltid nokon som lyt betale når offentlege byggherrar støtt går for det billigaste anbodet, private eigedomsinvestorar "ser mellom fingrane" på farleg arbeidsmiljø eller gode småborgarar etterspør svart arbeid for å finansiere nytt kjøkken og bad: Det er arbeidsfolka som må ta kostnaden når tryggleik på arbeidsplassen, brannfarleg losji og manglande forsikringar er det som skal finansiere offentlege bygg, profitt for eigedomsspekulantar eller statussymbol i private heimar.

Då brannen starta i den gamle rønna med tre leilegheiter i Stasjonsgata var det innlosjert 22 arbeidarar i huset, og det var registrert heile 31 enkeltmannsføretak på adressa.

Huseigaren hadde ansvaret for at huset var brannteknisk i orden. Det kom i ettertid fram at dette langt i frå var i orden. Brannsløkkingsutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar mangla, i tillegg til at el-anlegget var i dårleg forfatning og ikkje dimensjonert for så mange.

Huset vart leigd ut til eit firma som selde byggtenester og som reklamerte med «under halvparten av norske priser".

Firmaet leigde huset vidare til eit selskap som hyra inn polske handtverkarar. Arbeidarane vart nekta å fagorganisere seg, snakke med myndigheitene og dei som klaga på forholda vart sendt på fyrste fly heim til Polen. For å halde kostnadene låge, vart dei innlosjert fleire på kvart rom, men det vart likevel kravd husleige av arbeidarane.

NRK Brennpunkts dokumentar «Berre ein polakk» frå 2015 avslørte klassejusen i Norge. Ein arbeidar vart sikta, dømt og seinare frikjent for den verste dødsbrannen i Noreg siden 1986. Eigar, leigetakar, framleigar og formidlar av sosial dumping innan byggjebransjen gjekk alle fri. Statsadvokat Lasse Qvigstad gjekk den gongen langt i å ta sjølvkritikk på vegne av påtalemakta for at saka ikkje vart oppklart, og meinte at utfallet av saka ville vore annleis dersom det var nordmenn som omkom.

Kundar og kjøparar av sosial dumping, svart arbeid og rein arbeidslivskriminalitet er med på å bidra til at fleire må arbeide under slike forhold som på Gulskogen i 2008. Framleis må utanlandske bygningsarbeidarar leve med løn, innkvartering, og arbeidsmiljø langt under norske standarar og tidvis under reine kriminelle forhold. Ein liknande brann må ikkje skje igjen. Dette er berre mogleg dersom kampen mot sosial dumping lykkes!
 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags