Det er Jon Helgheim som er i drøymeland

HVEM ER DET SOM DRØMMER? Martin Lindal (bildet) utfordrer Jon Helgheims syn på hvem som er drømmere i debatten om Busekrudbypakke 2.

HVEM ER DET SOM DRØMMER? Martin Lindal (bildet) utfordrer Jon Helgheims syn på hvem som er drømmere i debatten om Busekrudbypakke 2. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerJon Helgheim gleder seg over at buskerudbypakka bli lagt bort. Han meiner at pakka var gjennomsyra av drøymarar som berre vil stikke kjeppar i hjula for bilistane.

Bilen har kome for å bli, er visdomsorda hans.

LES HELGHEIMS DEBATTINNLEGG HER: «... for mange grønne drømmere har fått styre prosessen»

Han er lei at byråkratar og vitenskapsfolk som prøver å påverke politikarane til å leggje om politikken. Dei er berre dommedagsprofetar som truar med verdas undergang.

Dette er kjende tankar frå Frp. Dei har aldrig teke klimaproblema på alvor.

Det må vera eit tankekors for samarbeidspartia deira som har sørga for at dei sit i mange av dei vilktigaste posisjonane her i landet.

Det er ei kjenngjerning at Frp er del av ei regjering som har skrive under på Parisavtalen.

Drammen er ei del av verda, som alle andre kommunar. Me må ta vår del av utsleppsreduksjonane. Drammen er ein by med mykje bilisme, og der luftkvaliteten til tider er helsefarleg.

Om han ikkje tek klimaproblema på alvor, burde han i det minste tenkje på dei som blir sjuke av luftforurensinga i byen.

Helgheim fornektar tyngden av forskning på området, og kjem med mange påstandar som ikkje er kunnskapsbaserte. Eg skulle ønskje at Helgheim hadde rett. Det ville vore det beste, men dessverre er det ingenting som tyder på det.

Alle målingar og forskning peiker i motsett retning. Klimaproblema kjem fortare enn me trudde får få år sidan.

Å satse på Frp sin politikk ville bli som å setje seg i eit fly med alle barnebarna sine, dersom det berre var 98prosent sjanse for at det skulle ramle ned.

Å karakterisere alle som baserer seg på kunnskap og forskning som drøymarar er lettvinn retorikk frå Helgheim. Det er vel Jon Helgheim og co. som er i drøymeland.

SISTE NYHETSSAKER OM BUSKERUDBYPAKKE 2:

* D ette vet lokalbefolkningen om Buskerudbypakke 2

* Pakke eller ei - bompenger blir det uansett

* Bomaksjonist: – Respekt for det ordføreren nå gjør

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags