Dei resirkulerer gamle myter og konspirasjonsteoriar for å svekke omdømmet til klimaforskinga

Av
DEL

MeningerFor oss som har levd ei stund, er det tydeleg at klimaendringane er godt i gang.

Havet blir varmare, og stig, breane smeltar, det blir sett nye temperaturrekordar, tundraen i arktiske strok smeltar, og ungdomen har klimaangst. Klimaforskarane er samstemde i synet på at endringane i hovudsak skuldast forbrenning av kol, olje og gass. Temperaturendringane følgjer endringane i konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren, og forbruket vårt. Klimaforskarane meiner at det ikkje lenger er tvil om dennne samanhengen. Sjølvsagt er det andre faktorar som også påverkar klimaet, og som tidlegare har vore avgjerande,men nå er det CO2 og andre klimagassar som styrer det.

Likevel er det enkelte som ikkje aksepterer dette. Dei hevdar at forskarane tek feil, at dei er kjøpt og betalt, og at heile klimaproblemet er konstruert. Dei kallar seg klimarealistar, fordi realist er eit positivt lada ord, men dei resirkulerer gamle myter og konspirasjonsteoriar for å svekke omdømmet til klimaforskinga.

Dei fekk sleppe til i beste sendetid på NRK-Folkeopplysningen, og blei avkledd. Det viste seg at dei baserer kunnskapen sin på forskning med bindingar til tvilsomme kilder, blant anna tenketanken Heartland i USA. Felles for desse «klimarealistane», er at praktisk talt ingen av dei har bakgrunn som klimaforskarar.

Lokalt har me sivilingeniørane Børre Larsen, Gleissner Gustavsen, og Frp politikaren Jon Engen Helgheim, som er skeptisk til alt som ikkje passar inn i hans politiske verdsbilde.

Børre Larsen hevdar (DT 29. oktober) at grafen som viser temperaturutviklinga er svindel, fordi den såkalla varmetida i vikingtida, og den vesle istida i Middelalderen ikkje viser på grafen. Årsaken til det er rett og slett at dette ikkje var globale fenomen.

Han omtaler konsekvent CO2 som «livsgassen» .Om det er ein livsgass eller ein dødsgass avheng av konsentrasjonen. CO2 blir brukt ved slakting av gris, så grisen opplever det som ein dødsgass.

Gleissner Gustavsen (DT 16. oktober) har ein teori om at det er vassdamp som styrer klima. Dette fenomenet, hevdar han, er ukjend stoff for klimaforskarane.

Dersom sivilingeniørkameratane sit inne med kunnskap som er ukjend for klimaforskarane, synes me at dei skal publisere det, og få det fagfellevurdert. Kanskje endar det med ein nobelpris.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags