Bemanningsbransjen er rein gift for arbeidsfolk

Av
DEL

LeserbrevPartiet Raudt krev at arbeidsfolk i bemanningsbransjen får ordna arbeidsvilkår. Men bemanningsbransjen er ikkje i stand til å ordne opp sjølv.

Stortinget har prøvd å regulere bransjen slik at arbeidsfolk skal få anstendige forhold, vite når dei skal arbeide og dermed få sikkerheit for løn. I tillegg skal tilsette i bemanningsbransjen ha den same løna og arbeidsvilkår som tilsette i dei bedriftene dei er leigd ut til.

LES OGSÅ: Jenter må tenke mindre tradisjonelt

Bemanningsbransjen har ingen planer om å tilby sine tilsette ordna forhold. I staden for å tilsette arbeidsfolk på standard kontraktar i 100 prosent stillingar, blir dei tilsette tvinga til å skrive under på «husmannskontraktar» med stillingsprosent ned mot tre prosent.

Slik kjem tilsette i bemanningsbransjen i eit usunt avhengigheitsforhold til sjefen i bemanningsselskapet, og må tigge om å få arbeide ut over avtalt stillingsprosent for å få nok til å leva av. I slike forhold er det ikkje mogleg å organisere seg i eit fagforbund eller krevje sin rett.

LES OGSÅ: Stort problem med ufrivillig deltid i Buskerud

Vi i partiet Raudt møter mange folk frå bemanningsbransjen som fortel om elendige forhold og diskriminering:

  • Tilsette blir snytt for løn ved at arbeidsgivar gjer trekk i løna for verneutstyr, arbeidsklede med meir
  • Manglande overtidsgodtgjersle og heilagdagsgodtgjersle
  • Langt lågare løn enn det som gjeld i dei bedriftene dei er leige ut til
  • Dei blir sett til farleg og møkkete arbeid
  • Tilsette i bemanningsbransjen har ikkje verneombod
  • Dei som organiserer seg i fagforeining blir diskriminert og sjikanert
  • Arbeidsulukker blir ikkje rapportert
  • Tilsette får ikkje tenestepensjon

Bemanningsbransjen er rein gift for arbeidsfolk og er i ferd med å bryte ned lønsnivå og arbeidsforhold i bransjar som bygg og anlegg, lager/logistikk, industri og helse. Bemanningsbransjen har vist at dei ikkje vil arbeide for ordna forhold i arbeidslivet. Dette uvesenet må stoppast! Vi i partiet Raudt krev eit forbod mot utleige av arbeidsfolk gjennom bemanningsbransjen!

Raudt i Drammen skal kjempe for at kommunen ikkje kjøper tenester frå bemanningsbransjen. Bedrifter som leverer tenester og utfører arbeid for kommunen skal ha fast tilsette i ordna forhold.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags