Våre oppbygde verdiar gjennom mange år kan bli frårøva oss av staten

DEL

MeningerOpe brev til Buskeruds folkevalde på Stortinget.

Innstilling frå Næringskomiteen på Stortinget til vedtak om lov om forbod mot hald av pelsdyr, med kompensasjonsordning for pelsdyrbønder, er utsett to gonger. Ny dato er no satt til 6. juni.

Underteikna har som pelsdyrbonde og tillitsvalgt i vår organisasjon hatt kontakt med Buskeruds stortingsrepresentantar gjennom fleire år, med nokre av dykk heilt sidan den politiske kampen for å behalde næringa starta for alvor heilt tilbake til 2009.  Fleire har fått fyrstehands kunnskap gjennom besøk i pelsdyrgard.

Med den godt organiserte motstanden det har vore frå «dyrevernar»-hald, og svært skeiv mediedekning av vår næring gjennom mange år, kan ein ikkje ha sett bort frå moglegheiten for at eit forbod mot vårt husdyrhald kunne skje ein gong i framtida.

I januar 2017 vedtok då endeleg Stortinget med eit klart fleirtal berekraftig utvikling, etter ein lang demokratisk prosess der det faglege om dyrehaldet og dyrevelferda for gardsdyra var det avgjerande.  Dette skulle sikre føreseielegheit for framtida.

Ein hestehandel bak lukka dørar på Jeløya i januar 2018 snudde dette tvert om. Den uverdige prosessen som regjeringa har gjennomført sidan, er eit reint overgrep mot pelsdyrfamiliar, og mot ei tradisjonsrik distriktsnæring i landbruket.

Ein tidlegare statssekretær med lang fartstid og høge politiske verv uttala nyleg under eit føredrag:  «Den politiske prosessen rundt pelsdyrhold-forbudet er det verste jeg har opplevd innen politikken». 

Det er ikkje berre sjølve forbodet utan fagleg grunnlag og den uredelege prosessen som smertar, men den kompensasjonsordninga som fleirtalet i næringskomiteen har signalisert at vil bli lagt fram. Denne er direkte uanstendig og respektlaus, der «bokført verdi» skal vera basis for verdikompensasjonen.

Kompensasjon for ikkje realiserbar kapital må bereknast utifrå bruksverdien som kjem fram av verditakstar av kvart bruk.  Dette er den einaste måten å få frem reelle verdiar på for kvar enkelt gard ved normal drift, fordi alle påkostningar, investeringar og oppgraderingar som er vorte gjort dei seinare åra ikkje kjem fram gjennom «bokført verdi.»

Opposisjonen på Stortinget med SP, Ap og SV, går imot kompensasjonsordninga utifrå bokførte verdiar, pga. av at det er direkte misisvisande.  Næringsfraksjonen i Ap uttalar:  «Dette er uanstendig og uten respekt», og «kompensasjonsordningen må samsvare med  ekspropriasjonrettslige prinsipper».

Kva er så grunnen til at regjeringsfleirtalet ikkje tek hensyn til fakta rundt dette, mens opposisjonen ser det store mistaket, der 200 pelsdyrfamiliar blir frårøva store delar av sine verdiar og arbeidsplassen sin.

Det er ikkje anna enn eit uredeleg politisk spel og prestisje som er årsaka, der menneska sit igjen som offer.  

Hvis ikkje kompensasjonsordninga blir endra frå signalane frå Stortinget, blir følgjene at me pelsdyrbønder må betale livet ut for at Venstre skulle få regjeringsmakt. 

Slik behandling av bønder som har dreve lovleg pelsdyroppdrett, er ikkje vårt demokrati verdig. 

Trond Helleland, Kristin Ørmen Johnsen, Morten Wold  og Jon Helgheim: No er tida inne for handling, de kan fortsatt saman med fleirtala i dykkar stortingsgrupper rydde opp og seta ned foten for dette uanstendige politiske spelet, som medfører slik urettferd.

Det er eit stort ansvar å vera folkets ombodsmenn på Stortinget, handsaminga av lovforbodet mot hald av pelsdyr, vil vise om de tek dette ansvaret på alvor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags