Pelsdyrbondens oppfordring: - Stopp dette uanstendige maktovergrepet

Av
DEL

MeningerNav-skandalen som er rulla opp den siste tida, er ganske sikkert den verste rettsskandalen nokon gong i vårt land, med eit mogleg ubegripeleg omfang. Mange er vorte uskuldige dømde, både med fengsel og bøter, mange fleire har urettvist mista store trygderettar. I Stortinget sist tysdag stod eit samstemt politikarmiljø og beklaga ovanfor alle som er råka, og dei ansvarlege lovde fulle erstatningar og oppreisning. Heilt nødvendig og sjølvsagt.

Ei annan statleg skandale av mykje mindre omfang er også i ferd med å skje, denne kan også ende med ruin for eit tresifra antal av råka familiar. Her er det uverkelege paradokset at ansvarlege politikarar vil vera fullt klare over dette overgrepet, om det blir gjennomført.

I Stortinget den 13. juni var me mange pelsdyrbønder som opplevde at våre arbeidsplassar og ei tradisjonsrik landbruksnæring vart nedlagt, på grunnlag av ein ufin hestehandel for å sikre Erna Solberg makt. Dette lovforbodet skjedde på trass av at det same Stortinget berre 2 år tidlegare vedtok at næringa skulle ha ei berekraftig framtid, etter ein lang demokratisk prosess.

Men det var ikkje nok med dette sviket. For å bli frårøva familielivsverk, vart det lagt opp til ein marginal og vilkårleg erstatningsordning, noko som vil medføre at bønder blir frårana store verdiar.

I Buskerud og særleg grad Hallingdal har næringa ei lang og god historie, etter oppstarten for omlag 100 år sidan. Det var på det meste nesten 600 gardar med pelsdyr i dalen, og Ål var den leiande pelsdyrkommunen i landet gjennom mange år, skatteintektene var store, og mange gardar vart redda av sylvreven i førkrigsåra.

På landsbasis er det om lag 170 familiar som vart råka av pelsdyrforbodet, og som risikerar å bli ruinert etter den utiltrekkelege erstatninga. I Buskerud er det no 3 attverande pelsdyrgardar igjen, kompensasjonsordninga legg opp til at kvar av oss vil tape i gjennomsnitt over 2 millionar kroner av våre oppbygde verdiar, fordi det er bokført verdi som er grunnlaget og ikkje relle verditakstar av gardane.

Tidlegare høgsterettsdommar Karl Arne Utgård har 19 års erfaring frå vår høgste rettsinnstans. Han gjekk nyleg tydeleg ut og sa klart ifrå om denne openbare urimelege erstatningsordninga.

Eit sitat frå VG: «Eg meiner heilt klart at forslaget frå regjeringa er i strid med eigedomsvernet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), og norsk lov. Ei i av hovudinnvendingane er at ordninga baserer seg på kompensasjon basert på såkalla «bokført verdi,» dette medfører vilkårlige utslag. Regjeringa har ikkje andre val enn å snu.»

I løpet av november blir endeleg forskrift om kompensasjonen fastsett av regjeringa. Her får me dommen på om verkeleg respekten for privat eigedomsrett og næringsfridom er borte for godt i Høgre.

Realitetane om dette skjer blir då også at eit tresifra antal pelsdyrfamiliar, kvar for seg i realiteten må betale til dels store millionbeløp for at minipartiet Venstre skulle få regjeringsmakt.

Den klare oppfordringa til Buskeruds politikarar i regjeringspartia: Ta ansvar, sørg for rettferd med å få stoppa dette uanstendige maktovergrepet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags