Finn deg sjølv på biblioteket i haust, enten du er hipster, kultivert eller av dei kritiske

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerBibliotekhausten er i gang og biblioteka i Buskerud tilbyr eit breidt utval av arrangement, men kva arrangement har appell til kven?

Buskerud fylkesbibliotek har vurdert biblioteka sine arrangement i lys av britiske Morris Heargreaves McIntyre si tenkning rundt publikumsaspektet, og har sett på kva Buskerud-biblioteka tilbyr ulike brukergrupper i haust.

Vi har plukka ut nokre arrangement til kvart segment, men sjekk gjerne ut biblioteka sine heimesider for å se fleire arrangement.

Hipsteren - den populærkulturelle

Er ein mann på 36 år eller yngre. Han har vore på festivalar som Øyafestivalen. Kjennteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande. Vener er viktigaste initiativtakar til at hipsteren går på kulturarrangement.

For hipsteren tilbyr vi:

  • Mary Shelley og hennes «Frankenstein» – Kongsberg bibliotek 1. november kl. 19.00
  • Ren poesi med Ellen Wisløff – Lier bibliotek 14. november kl. 19.00
  • Konsert med Elias Akselsen – Nedre Eiker bibliotek 24. oktober kl. 19.00

Den kultiverte – den kulturelle storkonsumenten og teaterfolket

Er ei kvinne på 54 år, har utdanning frå universitet på meir enn tre år og har vore på kunstgalleri og moderne dans. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er tankevekkjande. Intitativtakar til å gå på arrangement er dei sjølv.

For den kultiverte tilbyr vi:

  • Åpning av kunstutstilling med Dzeko Hodzic – Drammen bibliotek 15. oktober kl. 18.00
  • Lifegame med Brageteatret – Nedre Eiker bibliotek 10. oktober kl. 19.00
  • Bokgilde i biblioteket – Slemmestad bibliotek 8. november kl. 18.30

Flyterne – den vanlige norske middelklassen som går litt på alt

Er litt meir sannsynleg ei kvinne enn mann, 46 år gammal, har ofte vore på kunstgalleri. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande og tankevekkande. Meiner i størst grad at kulturopplevingar gjer oss til betre menneske.

For flytarane tilbyr vi:

  • Erik Bye – musikalsk forestilling med Bal Musette – Midt-Buskerud bibliotek, Modum 15. oktober kl. 18.00
  • Bokbad med Sylo Taraku – Drammen bibliotek 15. oktober kl. 19.00
  • Du kan ikke være sint, du er mamma – foredrag og «speed-terapi» med Camilla D. Juul og Natalia S. Gitz – Flesberg bibliotek 29. november kl. 18.00

Den potensielle – større interesse for kultur, enn faktisk bruk

Er litt meir sannsynleg ei kvinne enn mann, 45 år gammal. Kjenneteikn på ei god kulturoppleving er at den er underhaldande, men fungerer også som avkobling i kvardagen. Ikkje interessert i konsert. Helga er ei god tid å oppsøke kultur på.

For den potensielle tilbyr vi:

  • Tett på – forfattersamtale med Vigdis Hjorth og Anne Bitsch – Øvre Eiker bibliotek 29. oktober kl. 19.00
  • Strikk og lytt – Drammen bibliotek 4. desember kl. 18.00
  • Litteratur-yoga – Nes folkebibliotek 9. november kl. 18.00

Den kritiske – de frafallende

Er meir sannsynleg ein mann enn kvinne, 47 år gammal og lågare utdanning enn dei som bruker kulturtilbud i større grad. Det som får den kritiske til å bruke kulturtilbud er at kulturopplevinga er underhaldande. Initiativ til å oppsøke kulturarrangement blir gjerne tatt av kjæraste, ektefelle eller sambuar.

For den kritiske tilbyr vi:

  • Øystein Morten – Norske ødegårder – Slemmestad bibliotek 18. oktober kl. 18.30
  • Skumringstimen «Helter i Norden» - Midt-Buskerud bibliotek, Modum 12. november kl. 18.30
  • Å sykle – forfattarmøte med Håvard Syvertsen – Kongsberg bibliotek 22. november kl.18.30

Den avvisende – de uinteresserte

Er ein mann på 45 år med lågast utdanning av dei seks segmenta. Er i liten grad interessert i kulturopplevingar, og motivasjonen for å oppsøke arrangement er liten. Viss han skulle bli frista må opplevinga først og fremst vere underhaldande. Den avvisande bruker internett minst av alle segment.

For den avvisande tilbyr vi:

  • Bokbad med Jørn Lier Horst – Lier bibliotek 17. oktober kl.19.00
  • Sigmund Falch – forfattermøte – Ringerike bibliotek 23. oktober kl.19.00
  • Corner Boys (irsk og skotsk musikk) på Tussmørk torsdag – Øvre Eiker bibliotek 6. desember kl. 19.30

Kilder:

Morris Heargreaves McIntyre segmentering.

Akershus fylkeskommune si norske versjon av Morris Heargreaves McIntyre si tenkning rundt segmentering av publikum og publikumsundersøkingar. Sjå befolkningsundersøkinga i Akershus.

Derfor står det en stor konteiner på Strømsø Torg 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags