Karim – Muslim – Islam - Islamist – Islamisme

DEL

MeningerMahira Karim har interessante poeng i ein kronikk i Drammens Tidende 7. juni. Utgangspunktet er ei hyggeleg helsing frå Høgre som ønskte muslimar til lykke med feiringa av ramadan. Men det vart ikkje moro for Høgre, som på sine Facebook-sider fekk den eine overhøvlinga etter den andre. Det  strøymde inn med hatkommentarar retta mot muslimar.

Det er i så fall leitt å lesa både slike og andre ytringar som tek personar i staden for ballen. I norsk politisk debatt blir muslimar, islamistar, religionen islam og den politiske islamismen blanda og stokka på forvirrande vis. Ikkje å undrast at den gode Mahira og andre fredsame muslimar føler seg støytte kvar gong dei blir framstilte som terroristar.

Eg trur det er viktig med klare definisjonar:

Muslim er ein person som er tilhengar av islam og som trur på Profeten, hans lære (Koranen) og hans føredøme (Hadith).

Islamist er ein person som aktivt arbeider for islams framgang og utbreiing, anten i det stille eller i det opne. Det følgjer logisk at islamistar kan representere heile skalaen frå ein relativt passiv tilstand til fulltids aktivisme.

Islamisme er religiøs inspirert og offensiv aksjonisme – ein politisk ideologi – innehaldande  eit breitt spekter av aktivitetar for å fremja islamske posisjonar på vegen mot  herredøme.

Politisk islam eller radikal islam refererer til dei sidene ved islam som handlar om politisk makt og maktvilje.

Militant islam eller islamistisk ekstremisme (jihad, heilag krig) blir det tale om når tilhengarar tyr til våpen og valdsbruk for å fremja islam.

Islamofascisme – den ultimate form for maktbruk, kontroll, straffemetodar  og menneskeundertrykking  på jordas overflate i dag – ein term som George W. Bush jr. var den første til å bruke – og som debattantar og skribentar som Lars Gule og underteikna (frå kvar vår kant) har funne karakteristisk og korrekt.

Det er flott at Mahira Karim sjølv held seg i dei fredelegaste delane av spekteret, som dei aller fleste muslimane i Noreg. (Men det er nokre prosentar, og dermed ein god del tusen personar med klare «avvik»).

Det er ein verdi for det norske samfunnet  at ein i det lengste kan unngå meir radikalisering, anten det gjeld nazistar, fascistar, kommunistar eller islamistar. Sterkare radikalisering vil føre til endå meir antisemittisme, kristofobi, allmenn menneskeforakt, kriminalitet og valdsbruk. Pluss folkeleg reaksjon i form av islamofobi.

Som alle veit, er islamistisk terror den overlegent mest utbreidde: Sidan 11. september 2001 er det registrert 35.400 åtak med dødeleg utfall (i snitt ca. 10-15 døde kvar gong, og med fem-seks gonger så mange såra og skamfarne), dei fleste i Asia og Afrika. Men Europa har òg fått sine dosar.

Det er ikkje alltid like lett å sjå kvar islam sluttar og islamismen og jihadismen tek til. Men utan tvil er det slik at det religiøse grunnlaget har lett for å inspirere den politiske praksisen. Her har fredsame muslimar verda rundt ei utfordring. 

Til slutt: Den ideologiske gymnastikken Mahira Karim driv om islam i Noreg (at landet vårt er blant verdas 10 mest islamske land!) kallar på smilet og er mest ei fornærming mot dei 56 medlemslanda i OIC (Organization of Islamic  Cooperation).  Å seia at ytringsfridom, demokrati, likestilling, respekt for minoritetar osv. er særkjenne for islam, og difor er Noreg islamsk… – er ikkje stort anna enn ein leik med ord.  Den velmeinande  Mahira Karim må passe seg så ho ikkje går Erasmus Montanus i næringa.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags