Gå til sidens hovedinnhold

Ingenting med islam å gjera?

Artikkelen er over 6 år gammel

Hallgrim Berg stiller åtte kritiske spørsmål om islam.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kvar einaste gong blodige terroraksjonar er utført av islamistar, no seinast i Paris, er det alltid ein muslim eller to – eller ein redd politikar eller to – som uttalar til næraste avis: «Å nei, dette har ingenting med islam å gjøre».

Det hadde vore opplysande om varaordføraren i Drammen kunne kommentere desse greie spørsmåla:

1) Anten me ser framstilling i fjernsynet av grufull krig, skyting, terror, drap og halshogging av jødar, kristne og «vantrue», har det ikkje lenger noko med islam å gjera?

2) Når muslimar (shia vs. sunni) tek livet av kvarandre i tusental på grunn av ulik religionstolking, har det ikkje noko med utlegging av Profeten og islamsk lære å gjera?

3) Når ein studerer den islamske imperialismen gjennom snart 1400 år, har ikkje erobringskrigane og dei medfølgjande herjingane noko med Profetens liv og føredøme å gjera? ( jf. Medina-perioden mellom år 622 og 632).

4) Om så islamistiske kampgrupper opprettar nye islamske kalifat i Irak og Syria, eller i Libya og Nigeria, der kamphandlingane blir grunngitt med absolutt vilje til å fremje islamsk fundamentalisme, religiøs reinleik og atterføding av den islamske sivilisasjonens gloriøse fortid, så har det ikkje noko med islamsk religion å gjera?

5) Når daglege, valdelege aksjonar går føre seg i Asia og Afrika under konstante rop om «Allahu akbar», har det ikkje noko med Allah å gjera?

6) «Muhammed skal hemnast», uttalte drapsmannen i Paris etter massakaren i Charles Hebdo, men drapsgjerningane hadde visst ikkje noko med Muhammed å gjera?

7) Islam er i ei særstilling blant verdsreligionane ved å ha ein hærførar og ein krigens mann som religionsstiftar, – er ikkje det eit faktum?

8) Meiner våre media, våre korps av journalistar og folkevalde, at islam ikkje lenger har noko med islam å gjera?

Kommentarer til denne saken