Kan pelsdyrnæringa ha ei berekraftig framtid? 

«Pelsdyrhald er underlagt det strengaste kontrollregime av norske husdyrnæringar», skriver pelsdyroppdretter Sigbjørn Kirkebøen, her avbildet med en platinarev.

«Pelsdyrhald er underlagt det strengaste kontrollregime av norske husdyrnæringar», skriver pelsdyroppdretter Sigbjørn Kirkebøen, her avbildet med en platinarev. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Enkelte spør seg om dette, etter at det i media igjen har vore oppslag av dyr med sår og som  tydelegvis ikkje har fått nødvendig behandling.  Det i seg sjølv er beklageleg, for det enkelte tilfellet.  Men når ein har med levande vesener å gjera, så forekjem det sjukdom og skader.  For mennesker så er det eit godt utbygd helsevesen som tek seg av dette,  for kjæledyr  er det dyrehospital og veterinærar som er til hjelp, og for husdyr veterinærtjeneste som reiser rundt på gardane,  som sørgar for, og i lag med bonden at gardsdyra får nødvendig behandling. 

Pelsdyrhald er underlagt det strengaste kontrollregime av norske husdyrnæringar.

DU KAN FØLGE DEBATTEN I DT FACEBOOK.

Når ein ser på statistikkane for Mattilsynet når det gjeld tilsyn for dyrehald, så kjem ikkje pelsdyr dårlegare ut enn anna husdyr.  For alle husdyr er det heldigvis få alvorlege tilfelle, men ofte så blir dei alvorlege tilfella slege opp i media.  Det kan vera bra på fleire måtar, fordi folk flest er opptekne av dyrs velferd, og at dei som ikkje behandlar dyra sine bra nok, om nødvendig blir nekta å ha ansvaret for dyr. 

Men media har også eit eige ansvar for å vise ein korrekt og balansert framstilling av saker der dyr ikkje har fått nødvendig oppfølging, det er nok på langt nær alltid tilfelle.

LES OGSÅ: Et godt liv for feite Fido

Næringas eigenkontroll bekreftar også det offentlege sine rapportar, og syner ein heilt annan verkelegheit enn medieoppslag gjev inntrykk av. I oktober vart 300 000 dyr inspiserte i Rogaland.  223 dyr var skada, 174 fekk behandling, det utgjer 0,074 prosent av dyra.

Kvart dyr som dør eller blir skadd er reint tap for alle bønder.

Ein konsekvens av ubalanserte medieoppslag dei siste åra, der ein pelsdyrgard med kritikkverdige tilhøve, gjerne blir framstilt som det er vanleg for eit stort fleirtal av pelsdyrgardane, fører med seg ein stigmatisering av alle pelsdyrbønder, der enkelte krev kollektiv avstraffing!
                                                                                                                        DeDet Det er vel ikkje slik vårt demokrati skal fungere?

LES OGSÅ: Pelsdyrdrift - bondens verste fiende 

Kva gjer så til at pelsdyrnæringa kan vera berekraftig, og ha ei lys framtid? Pelsdyrnæringa i Norge har sjølv dei siste åra innført forskjellige tiltak for å styrke kvalitetssikringa av dyrehaldet med fokus på dyrevelferd, gjennom sertifiseringsordning, veterinærtjeneste, og handlingsplan for dyrevelferd, der sterk fokus på avl for lynne og tillitsfullheit er viktig.

Streng internjustis og politianmeldelser, eksklusjon og fråteke sertifikat er handlekraftige verkemiddel som blir gjennomført av næringa sjølv.   

Det faglege grunnlaget for utvikling av dyrehaldet og velferda dei siste åra, er Vitskapskommiteen sin rapport frå 2008, som konkluderte med at velferda for pelsdyra var tilfredstillande, og at dyra ikkje lir, men likevel hadde den forslag til enda betre krav til dyrevelferda. Denne rapporten var grunnlaget for nye pelsdyrforskrifter i 2011, som innebar 23 sentrale velferdsforbetrande tiltak, forskrifter som blir implementerte fram til 2018.

Veterinærar som har erfaring med pelsdyrhald og andre produksonsdyr, er for ein stor del positive til dyrehaldet og dyrevelferden.

LES OGSÅ: Pelsdyr, ei tradisjonsrik og god landbruksnæring.

Her er høyringsuttalelsen frå 76 veterinærar til NOU 2014 :15 Norsk Pelsdyrhold.

Pelsdyr er ei konkurransdyktig eksptortnæring utan subsidiar, som med pelsdyrfôret er ein viktig renovatør frå slakte og fiskeribedrifter.

Det er ikkje lett å få all fakta og kunnskap ut til folk flest og politikarar, fyrstehandskunnskap er avgjerande viktig, for alle som meiner noko, og tek stilling. Difor er openheit viktig for oss pelsdyrbønder, og open gard vert arrangert jamnleg over heile landet. 

I Buskerud, der alle fem pelsdyrbønder held til i Hallingdal, har me kvart år hatt fleire opne dagar, med godt besøk, men mange fleire ville nok hatt god nytte av å sjå korleis våre gardsdyr har det.

LES OGSÅ: Om Gandhi, pelsdyr og dyrevelferd 

Det som kanskje gjer mest inntrykk under slike gardsbesøk er ofte ungdom sine reaksjonar, der dei fleste av dei har veldig lite kjennskap til husdyrhald generelt.  Me opplever at ungdom som kjem og på realiteten for gardsdyra blir glade og overraska når dei ser at dyra har det godt, er rolege og tillitsfulle, og at dei ikkje lir.  Dette er nok stadfesting av at mange blir forleda til ein feil verkelegheit gjennom sosiale medier og av dyrevernarar.

Ungdom sin opplevelse av at dyra har det godt, er ein sterk anerkjenning av  dyrehaldet, og gjer oss god tru på ei berekraftig framtid. 

Pels er eit ettertrakta naturprodukt over heile verda, og vil nok heilt sikkert vera det i lang framtid.  Det etisk riktige som det er med alt husdyrhald, må vera at dyrs levevilkår og dyrevelferda skal vera det essensielle, og at forsking og utvikling heile tida skal ha fokus på auka dyrevelferd. 

Med eit politisk vedtak om berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, vil det gjera til at Norge vil vera førande for pelsdyras velferdsutvikling også i framtida, og dermed sikre betre rettigheiter for pelsdyr også globalt sett.

LES OGSÅ: Tortur av dyr er galt

Stortingsmeldinga om pelsdyr vert lagt fram i nær framtid. I vårt velutvikla demokrati må ein ha tiltru at riktig kunnskap og realitetar for gardsdyra er avgjerande for politikarane sine beslutningar. Hvis dette blir fulgt opp, har pelsdyrnæringa ei lys framtid i møte. 

Skal Norge fortseta med å vera pådrivar for velferdsutvikling for pelsdyr også internasjonalt, er det sjølvsagt heilt avhengig av ei sterk framtidsretta og berekraftig pelsdyrnæring på heimebane.

FLERE AKTUELLE MENINGER FRA DT.NO:

* Det vi anser som bløff...

* Ansvarsfraskrivelsene fra Buskerudbypakke 2 er i gang, og det skjønner vi godt!

* Opp og hopp, Glassverket!                                                           

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken