Pelsdyrdebatten en skamplett for vårt demokrati

DEL

MeningerTorsdag 13. juni vil bli ståande igjen i historia som ein mørk dag for norsk landbruk, distrikt og vårt demokrati.

For dei over 50 pelsdyrbøndene frå heile landet som overvar Stortingshandsaminga og debatten om tvangsavviklinga av våre arbeidsplassar, vart det ei trist og uverkeleg oppleving at vår næring ville bli nedlagt pga. eit skittent og udemokratisk politisk maktspel.

Eit maktspel gjennom ein hestehandel i lukka rom, der pelsdyrbønder risikerar å måtte betale livet ut for at Venstre skulle koma i regjering, og for at Erna kunne halde fram som statsminister.

Boligeiere ville aldri godtatt en erstatning som den pelsdyroppdretterne kan bli tilbudt. Aldri! 

Eit næringsforbod mot ei distriktsnæring som har dyrevelferd på høgde med andre husdyrnæringar, som statsråden bekrefta i stortingshandsaminga, og som skaffar eksportinntekter til landet av eit naturprodukt produsert i distrikta.

I realiteten er også dette næringsforbodet eit knefall for fanatiske «dyrevern»-krefter, med ein grunnideologi mot alt husdyhald, og som har skremande stor påverknad i vår nasjonalforsamling.

Å følgje ei handsaming i Stortinget for fyrste gong gav mange urovekkjande inntrykk, der det mest skuffande var regjeringspartia, med Høgre i spissen sin maktarroganse og provoserande oppførsel i debatten.

Både Sp og Ap stemte imot det endelege lovforbodet, på trass av at Ap har programvedtak om avvikling. Den klare grunnen til at Ap stemte imot her, var at det ikkje innebar ein lovheimla rett til erstatning.  Sp og Ap var tydelege i sin argumentasjon i debatten om å sikre retten til full erstatning til pelsdyrbønder.

Pelsdyrnæringen avvikles 

Regjeringspartia sitt lovframlegg var at pelsdyrbønder ikkje skulle ha krav på full erstatning, også SV meinte kompensasjonsframlegget til fleirtalet var uanstendig.   

Det uverdige spelet rundt dette, vart då også stadfesta med det absurde at regjeringspartia sine ansvarlege skulda på Sp og Ap for å skape uroen, når det så uomtvisteleg var regjeringa og fleirtalspartia si dårlege utgreiing og uanstendige framlegg som må ta all skulda.

Debatten i salen under denne uverkelege handsaminga bar tydeleg preg av at her var partipiskane brukt heftig, og det vart ein underleg seanse då representantar frå H, Frp og KrF i tur og orden beklaga seg for at dei måtte stemme for noko som dei eigentleg var imot.                        

Ein av dei yngste i Stortingsgruppa til Høgre, Kristian Tonning Riise, framstod som den mest vaksne av alle, med at han så tydeleg kritiserte den uanstendige kompensasjonsordninga som fleirtalspartia hadde lagt fram.

Våre oppbygde verdiar gjennom mange år kan bli frårøva oss av staten   

Som leiande regjeringsparti må Høgre ta hovudskulda for dette historiske skamplettet i vårt demokrati.

Høgre si tid som eit næringsparti til å stole på er no definitivt over, -med at den Høgre-leia regjeringa var pådrivar for å gjennomføre dette næringsforbodet, og med at dei går imot den private eigedomsretten, ved å ikkje gå inn for full erstatning.

Det klare råd til alle Høgre-politikarar som har eit ansvar for sviket mot norsk landbruk og næringsliv med lovforbodet mot pelsdyrhald, må vera at dei må slutte å lure veljarar med sin nærings og distriktspolitikk. Ærlegdom varar lengst.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags