Kolberg på gyngande grunn

Hallgrim Berg skriver svar til Martin Kolberg.

Hallgrim Berg skriver svar til Martin Kolberg. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerMartin Kolberg er ute i eit merkeleg ærend i DT 4. april: Han skriv belærande  om kor ille det er at eit lokallag i eit konkurrerande parti vil skaffe seg oppdatert kunnskap om eit tema der han sjølv er på gyngande grunn. Det gjeld islam, Profetens virke i si samtid og inspirasjon som rollemodell for muslimar i snart 1400 år, – fram til dagens internasjonale situasjon, med politiske manøvreringar gjennom Det muslimske brorskapet og OIC, organisasjonen av 57 muslimske land som norske journalistar og folkevalde aldri skriv eller talar om.

VIL DU HA DET BESTE MENINGSSTOFFET FRA DT RETT I INNBOKSEN? MELD DEG PÅ HER

I mine mange foredrag  – også på Frp-møtet i Drammen sist onsdag – tek eg opp dei langsiktige problema som følgjer masseinnvandring til Europa, særleg frå muslimske og framandkulturelle land. Korleis vil dette slå ut – over tid –  på kultur, økonomi, levemåte, ytringsfridom og demokrati? Og om korleis islam stadig vinn nye posisjonar og flytter merkesteinane framover på mange plan i samfunnet.

LES OGSÅ:  Frp, islam, ord og politikk

Og vidare  om korleis militant islamisme i aukande tempo spreier seg på fleire kontinent – bl.a. gjennom vald, terror og frykt – ein ideologi og metode som har ein serie fellestrekk med andre totalitære tankebygningar, særleg nazisme og fascisme.

Martin Kolberg var jo sjølv ei tid oppteken av radikal islam, og erklærte i eit større intervju i 2009 at no skulle det sanneleg bli fart i kampen mot denne udemokratiske trusselen. Ikkje før hadde han sagt det, vart han punktert av  Torbjørn Jagland, som hevda at «det finnes ikke grobunn for radikal islam i Norge.»

LES OGSÅ: Bytt briller, Hallgrim Berg!

Berre eit par år etter troppar Profetens Ummah opp på Drammensveien med plakatar:

Allah er vårt mål. Profeten er vår leder. Koranen er vår grunnlov. Jihad er vår vei. Døden for Allahs sak er vårt høyeste ønske.

Så starta den norske trafikken med håpefull og hjernevaska ungdom til teneste i Islamsk Stat og krig i Syria. Ved eventuell retur vil leiande folk i Ap møte dei med opne armar og eit eksemplar av Koranen.

Eg er samd med Kolberg i at det er vanskeleg å «drøfte» tunge problemstillingar i ein kort avisartikkel. Difor har eg skrivi to bøker med dokumentasjon om dei livsviktige spørsmåla ovanfor, Amerikabrevet: Europa i fare (2007) og Demokrati eller islamisme – Europa under islam? (2013).

LES OGSÅ: Europa, du har sviktet meg

Europa er i kneståande. Vestlege verdiar og velferdsstaten er i fare. Folk ser dette, og er underernærte på uavhengig informasjon om drivkreftene.  Annleis kan eg ikkje tolke det, då eg i 2011 heldt kritisk foredrag i Stavanger om islamiseringa og samla over 200 tilhøyrarar, medan statsminister Stoltenberg lenger borti gata samla 25.

«Kunnskap skal styra rike og land» sa Vinje. Eg er på den sida. Det trur eg også Martin Kolberg er, men han er partimann og ikkje pensjonist enno, så han kan ikkje seia det som sant er.

Andre saker fra dt.no:

Tar pause fra politikken for å ta seg av datteren 

Hvis du liker matematikk er dette kunsten for deg 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags