Opent brev til dei politiske partia i Nye Drammen

Foto:

Av
DEL

MeningerNestekjærleik og integrering høyrer saman. På flyktningefeltet i Nye Drammen treng vi ei satsing på desse fire områda:

1. Mottaksapparat

Vi treng eit kompaniskap mellom offentlege og frivillige aktørar, ein fadder eller familieguide for alle nyankomne/nybusette flyktningar som er operativ frå dag ein. I dag er det ein sårbar mellomfase frå ankomst/busetting til oppstart av introduksjonsprogram. Guidane kan rekrutterast frå kyrkjelydar og frivillige organisasjonar, og vil kunne bistå med norskopplæring og til å knekke dei sosiale kodane som trengs for å få innpass i det norske samfunnet. Vi er villige til å ta dette ansvaret, men det trengs ressursar til koordinering samt til kursing av frivillige.

2. Rett i arbeid

«Her blir flyktningane sende rett i jobb i staden for toåring kurs» kunne vi lese i Aftenposten 1.10.2018, om Fjell kommune i Hordaland. Ordninga går ut på at flyktningar får jobbe med fagfeltet sitt i staden for å gå introduksjonsprogrammet. Erfaringane er så gode at rådmannen vil utvide og Bergen kommune vurderer også Fjell-modellen.

3. Kvinnehelse

Kvinnehelse er ein viktig nøkkel til integrering. Drammen kommune har kun 2,8 jordmorstillingar og 800 årlege fødslar. Talet på jordmødre må aukast, og tilbodet på Migra Helsestasjon må vidareførast. Slik kan vi møte behovet for meir kunnskap om helse, eigen kropp og planlegging av antal svangerskap.

4. Møt religion med klokskap

Svært mange av dei som flyttar hit kjem frå ein kontekst sterkt prega av religion. Vi må kartlegge dei eksistensielle behova deira. Vi må også sørge for at vi innehar kompetansen som trengs til å møte behova. Både flyktningerådgjevarar, lærarar og andre på feltet må kursast i betydninga av religion og religiøse ritualar, fordi å kome til eit nytt land med anna kultur og religion vil for mange skape ei identitetskrise/ eksistensiell krise. Ofte fører slike kriser til ein auka bruk av religiøse ritual.

Rituala skaper nemleg tryggleik og ei oppleving av å ivareta eigen identitet og ein trygg plattform. Vi må difor ha kompetanse nok til å tilrettelegge for religionsutøving heller enn å frykte den.
 

Innlegget vart framført under seminaret "Nestekjærlighet og integrering" i regi av Drammen Kirkeforum 13.10.2018

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags