Ja til konkurranse og samarbeid om tryggleik på jernbanen

Foto:

Av
DEL

MeningerRegjeringa prioriterer å styrkje den norske jernbanen, samstundes som vi skal ha kontroll på jernbanen.

Innføring av EUs fjerde jernbanepakke endrar ikkje på dette, slik styremedlem Hilde Glenne i Drammen Nei til EU hevdar i Drammens Tidende 18. september.

Tryggleiken på det norske jernbanenettet er høg, og det er ingen ting i jernbanepakka som gjer at tryggleiken blir svekt. Harmonisering av tryggleiksforskriftene skal bidra til at nivået på tryggleiken i ein del land blir løfta opp til eit nivå på linje med det vi har i Norge og ein del andre land. Eg meiner det er positivt.

Eg kan òg forsikre lesarane av Drammens Tidende om at Statens jernbanetilsyn framleis vil ha ansvaret for å fastsetje tryggleiksforskriftene for den norske jernbanen.

Og jernbanepakka tek omsyn til at dei topografiske og klimatiske forholda varierer rundt om i Europa. Sjølv om vi ikkje har stemmerett i styret, er Statens jernbanetilsyn involvert i det daglege arbeidet til EUs jernbanebyrå (ERA) på lik linje med EU-landa, og har gjort ein grundig og viktig jobb med å få tilpassingar for norske forhold. Desse tilpassingane vil ikkje forsvinne med jernbanepakka. Det kjem difor til å vere minst like trygt å kjøre tog i Noreg som før. 

Glenne fryktar konkurranse om persontogtilboda. Det gjer ikkje eg.

Eg meiner konkurranse er eit godt verkemiddel for å utvikle betre tenester, samstundes som det sikrar at vi brukar skattepengane best mogleg. Konkurranse blir òg nytta ved offentleg kjøp av persontransport på buss, fly og ferjer. Det er om lag ti år sidan det blei innført konkurranse om godstransport på jernbanen. Drifta av togtilbodet på Gjøvikbanen er konkurranseutsett. Det fungerer fint. Eg er trygg på at det vil fungere godt for andre persontogtilbod. I motsetnad til kva Glenne hevdar, er jernbanepakka fleksibel når det gjeld organisering av persontransporten. Reglane opnar for at styresmaktene i einskilde tilfelle kan direktetildele togrutene, slik vi har gjort i Norge til no.

Styringsretten over infrastrukturen vår er det ingen som har tenkt å gi frå seg.

EU har heller ikkje planar eller ønskje om å ta over det. Vi kjem framleis til å styre norsk jernbane. 

Glenne og Nei til EU må slutte å setje fram påstandar som det ikkje er hald i. Det øydelegg berre debatten.

LES OGSÅ: Raser mot høyresiden: – Som å sparke sentrumshandelen i ansiktet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags