Gå til sidens hovedinnhold

Valfridom med bismak

Artikkelen er over 5 år gammel

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hadde Ål kommune gjeve meg mogelegheita til å droppe matematikk då eg var 14, hadde eg jubla: Ja, takk! Eg skjønte ikkje kvifor mattelæraren skulle plage meg meg med x-ar, y-ar og kvadratrøter. Ikkje skjønte eg noko av det, og langt mindre interesserte det meg. Kvifor må me måtte lære ting me aldri får bruk for, gnåla eg.

Skulle Drammen kommune få høve til å innføre ei prøveordning med valfri nynorsk skriftleg, vil garantert jubelen stå i taket blant ungdomsskuleelevane.

LES OGSÅ: Ikkje gi innvandrarar redusert norsk

Mange av dei, med og utan foreldra si velsigning, vil takke nei til å skrive nynorske tekstar med brysam bøying av verb. Hadde eg hatt born i den alderen, veit eg i alle fall kva dei ville gjort. Det hadde nok hjelpt lite kva mor meinte.

Det er eit menneskeleg trekk å velje det enklaste.

Sjølvsagt finst det ferske tenåringar som skjønar at det er fornuftig å kunne begge målføre, og går laus på gramatikk og gloser med friskt mot. Men eg tippar at grosset vil gjere som eg sjølv hadde gjort på den alderen, hvis eg hadde fått sjansen til å sleppe noko eg hata.

Eg er langt på veg einig med lektor og mållagsleiar Magne Aasbrenn, som meiner kommunen gjer elevane ei bjørneteneste med ei valfri-ordning.

LES OGSÅ: Senk skuldrene, DU bestemmer når toget går

Når dei skal ut i verda, fyrst på vidaregåande skule og deretter arbeidslivet, vil Per og Kari, Fatima og Ali møte den brutale verkelegheita: Noreg har to målformer.

Kanskje kan valfridommen gje ein kortsiktig gevinst i form av bedre resultat i norskfaget.

For ein kommune med ambisjonar om å ha Noregs beste skule, er det sjølvsagt mogeleg å skjøne at eit slikt grep kan vera freistande.

Men i det lange løp kan det koste å ta frå elevane ein viktig ballast som nynorsk er.

FLERE AKTUELLE MENINGER:

* Brakerøya egner seg ikke for psykiatri

* Marienlyst - en del av en vellykket 17. mai

* Lyden av Drammen

Kommentarer til denne saken