Gå til sidens hovedinnhold

Meir til vegar og jernbane

Artikkelen er over 2 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Regjeringa sitt forslag til samferdselsbudsjett for 2019 er på rekordstore 73,1 milliardar kroner. Det betyr at H, Frp og V har auka løyvingane til samferdselsføremål som veg og jernbane med heile 75 prosent sidan Ap, SV og Sp tapte stortingsvalet i 2013 .

Medan det i perioden 1970-1995, altså på 25 år, berre blei opna 45 kilometer motorveg, planlegg regjeringa å opne heile 104 kilometer med ny trygg firefelts veg i 2019.

Den massive vegsatsinga til regjeringa betyr til dømes stadig fleire kilometer trygg firefelts veg på strekninga E18/E39 Oslo-Kristiansand-Stavanger og på E6 Oslo-Trondheim.

Samstundes viser dei nye utsleppsframskrivingane at utsleppa frå vegtrafikken er i kraftig fall. Dette står i sterk kontrast til at utsleppa frå vegtrafikken auka med Ap, SV og Sp i regjering.

Ein konsekvens av regjeringa sine grøne avgiftslettar er at CO2-utsleppa frå nye personbilar er redusert frå 123 gram/km i 2013 til 82 gram/km i 2017. Gjennomsnittleg CO2-utslipp for alle nye personbilar registrert i september 2018 var 55 g/km.

Regjeringa foreslår òg rekordmykje til jernbane og kollektivtrafikk.

Løyvingane til jernbaneføremål er auka med nesten 80 prosent sidan regjeringa tiltredde. I 2019 legg vi blant anna opp til fullt trykk på utbygginga av indre Intercity, og midlar til start av nye prosjekt mellom Drammen og Tønsberg. I tillegg vil regjeringa løyva 5 gonger så mykje til bymiljøavtalar, byvekstavtalar og belønningsordninga som det dei raudgrøne gjorde i budsjettet sitt for 2013. Dette er faktisk heilt naudsynt.

La det ikkje vera nokon tvil om at denne regjeringa byggjer landet.

Les også

Lekegranat stanset togtrafikken - her er erstatningskravet mot 39-åring

Kommentarer til denne saken