Vi må anerkjenne at foreldre oppdreg barn i ein religiøs tradisjon

FORFATTER: Signe Myklebust har skrevet dette innlegget.

FORFATTER: Signe Myklebust har skrevet dette innlegget. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerI Drammen i dag bur det ca. 68.000 menneske. Fire av fem innbyggjarar er medlemmer i eit trussamfunn, eit tal som i følgje rådmannen endrar seg lite frå år til år.

FØLG DRAMMENS TIDENDE MENINGER PÅ FACEBOOK

For tida pågår ein debatt om religionen sin posisjon i oppdragelse og i samfunnet for øvrig, og mange argumenterer for «nøytralitet».

Som i Europa for øvrig har religionen i Noreg endra seg. I følgje den britiske sosiologiforskaren Grace Davie er ikkje religionen lenger prega av arv og forplikting. Europearar flest går i kyrkja primært ved særskilte anledningar som t.d. gravferder, overgangsritual og ved nasjonale sørgjemarkeringar.

LES OGSÅ: Islamofobien har en årsak

Når dei treng det

Ein liten minoritet held det rituelle livet intakt i det daglege, mens majoriteten fell tilbake på religionen når dei treng det.

Samstundes er det mange som plukkar med seg det dei vil ha frå ulike religiøse tradisjonar, og praktiserer og trur det dei ønskjer.

Situasjonen i Noreg og Europa er spesiell. Religion er på framvekst på alle andre kontinent enn i Europa. Sekularisering er altså ikkje ein naturleg konsekvens av utvikling og modernitet.

LES OGSÅ: Hvorfor vi sjelden hører om voldtekt av unge jenter i muslimske miljøer

Verda i miniatyr

Drammen er verda i miniatyr, her bur folk med opphav i så godt som alle verdas land. Svært mange kjem frå ein kontekst sterkt prega av religion. Og alle bur vi i eit land med ei grunnlov med kristent og humanistisk verdigrunnlag.

Religion- og livssynsfaget i grunnskulen heiter KRLE. Bokstaven K for «kristendom» er ei av mange forteljingar om kristendommen sin posisjon i landet vårt. 

I staden for å oversjå religionen bør vi spørje: Kva har det religiøse mangfaldet å seie for deg og meg?

Eg vil trekke fram fire punkt:

1. Vi må tenke aktivt over vår eiga haldning til religion. Dette kan vere utfordrande – dersom vi meiner vi har den einaste rette trua, dersom vi meiner religiøs praksis er undertrykkande, dersom vi meiner ateisme er overordna religion.

Men for å seie det enkelt: Ingen blir mindre religiøs av å ikkje bli respektert.

Drammen kommune vedtok i 2012 ein «tros- og livssynspolitisk plattform» som m.a. tek til orde for trus- og livssynsfridom og upartisk behandling av menneske uansett tru og livssyn.

Dette er forbilledleg av kommunen, men det er likevel naudsynt at den enkelte av oss tek tak i korleis vi møter folk som trur annleis enn oss. 

2. Vi må anerkjenne at religiøs tru gjev styrke og håp. I Drammens Tidende måndag 15. august kunne vi lese om eit tysk ektepar som «fant trøst i troen» etter at dei mista dottera si i leukemi.

Mange immigrantar dreg veksel på dei same ressursane i møte med eit nytt heimland.

3. Vi må anerkjenne at foreldre oppdreg barn i ein religiøs tradisjon. Dette er normalen i verda i dag. Samtidig må vi forstå at også sekulær eller såkalla «nøytral» oppdragelse er verdimetta, ingen går fri.

4. Sist, men ikkje minst, la oss normalisere tru. Snakke om at vi trur forskjellig. Slutte å tenke at det er skummelt.

Den 21. september startar Drammen Sacred Music Festival som samlar menneske på tvers av kultur og tru.  Festivalen tilbyr ei rekke kulturopplevingar som berører, beveger og skaper meining. Bli med – og opplev at det religiøse mangfaldet gjer oss rikare!

ANDRE MENINGER:

Da orkanen Arthur kom til Brakerøya i 2028

«Bompengepakken din stinker, Lise!»

Hva er Fremskrittspartiets svar på Drammens miljø- og trafikkproblemer? 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags