Norsk er eit viktig fag, men ikkje opptil seks gonger viktigare enn naturfag

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I dag kan ein risiker at 6 av 16 karakterar på vitnemålet er karakterar i norsk ved utgangen av vidaregåande skule. Det er ikkje rettferdig at eit fag skal ha så mykje å seie for framtida til ein elev.

I dag får ein standpunktkaraktar i norsk munnleg og skriftleg. Den skriftlege karakteren er delt i to, ein i hovudmål og ein i sidemål. Samtidig skal ein ha ein obligatorisk eksamen i norsk skriftleg hovudmål. Då er me allereie oppe i fire norskkarakterar på vitnemålet. Deretter kan ein òg bli trekt opp i skriftleg eksamen i norsk sidemål og munnleg eksamen i norsk. Då endar ein med eit vitnemål der over ein tredel av karakterane på vitnemålet er karakterar i norsk.

Målet med eit vitnemål er å vise kva ein kan som elev. Då blir det feil om ein tredel av alle karakterane på vitnemålet er frå same fag. Norsk er eit viktig fag, men ikkje opptil seks gonger viktigare enn naturfag.

Det er ikkje talet på karakterar i eit fag som gjer at ein blir god i norsk, men heller undervisninga ein får. Sjølvsagt skal me òg ha karakterar i norsk, men talet burde reduserast.

Me deler ikkje karakteren i mattematikk opp i ulike standpunktkarakterar i algebra, sannsynsrekning, geometri og så vidare. Ein får ein karakter i mattematikk. Det burde heller ikkje vere forskjell frå karakteren i norsk skriftleg.

Eg trur ikkje at ei samanslåing av karakteren i sidemål og hovudmål vil gjere at ein ikkje bryr seg om sidemålsundervisninga. Ein vil framleis kunne få karakter på ting ein har skrive på sidemål, berre at det i dette tilfellet vil påverke karakteren i norsk skriftleg, framfor ein eigen karakter på vitnemålet.

Det å slå saman karakterane i norsk har òg vorte forska på. I perioden 2014-2018 gjennomførte forskingsinstituttet, NIFU, eit forsøk på oppdrag av Utdanningsdirektoratet. Forsøket handla om å redusere talet på karakterar i norsk ved halvårsvurdering.

Forsøket kom fram til at det ikkje var nokon skilnad på karakternivået mellom elevar som hadde delteke i forsøket og elevar som ikkje deltok. Forskinga kom fram til at å slå saman karakterane til elevane i norsk verken vil påverka lese- eller skriveferdighetane negativt.

Å redusere talet på standpunktkarakterar vil òg redusere talet karaktergjevande prøver. Då får ein dessutan meir tid til å undervise i til dømes rettskriving.

Me har to likestilte skriftspråk, bokmål og nynorsk. Det er viktig at vi kan å lese, skrive og forstå begge skriftspråka. Difor har eg skrive dette innlegget på mitt eige sidemål, nynorsk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken