Gå til sidens hovedinnhold

Norsk olje er bensin på bålet

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Katastrofene herjer denne sommaren - brann, hetesjokk, jordskred, flaum. Kritisk infrastruktur som straum og mobildekning kollapsar. Born, eldre, kvinner og menn mister hus og heim. Mange mistar livet. Alle formene for katastrofe vil verda sjå meir av, med auka klimaendringar. Er det eit høve for Noreg til å sjå oss sjølv i spegelen?

Her er ei orientering om norsk oljepolitikk:

  • I 2020 var Noreg det landet i verda som delte ut størst areal til oljeleiting.
  • Regjeringa sitt økonomiske hovudsvar på koronakrisa var skattelettar og subsidiar til fossil energi.
  • SSB sine tall syner at Noreg har investert seks-sju gongar meir i petroleum enn i all annan industri til saman i 2021.
  • Statsminister Erna Solberg går til val på oljeboring ved Lofoten.
  • USAs president har bedt Noreg stoppe oljeleiting i Arktis, av omsyn til klima, Noreg seier nei.
  • Det internasjonale energibyrået (IEA) erklærte i mai at no er det ikkje er rom for ny oljeleiting i nokon land, om verda skal unngå farlege klimaendringar. Den norske regjeringa, saman med Ap, Sp og Frp, meiner likevel det ikkje betyr noko for akkurat Noreg. Dei delte ut 84 nye blokkar for oljeleiting få veker seinare.

No er det juli, og nyheitene blir altså bombardert av katastrofer i USA, Canada, Tyskland og Belgia. Kloden brenn. Huset vårt brenn. Og norsk oljepolitikk kastar bensin på bålet.

Dei som skal leve med konsekvensane av eventuelt forverra klimaendringar, lev no. Årets katastrofer kan kallast unntakstilstand, og godt er det, men vidare leiting etter og brenning av fossil energi er oppskriften på å påføre dagens unge nettopp slike katastrofer - mange gongar så ofte. Det har me visst i tre tiår. Kan me starte å svare politisk på det, med meir enn tomme løfter, i eit tempo som når mål? Millionar av born og unge streikar ikkje for klimaet utan grunn.

Eg er optimistisk med tanke på våre evner til å omstille oss. Klimaomstillinga vil bli mindre inngripande i folks kvardag enn koronatiltaka, og redde langt fleire liv. Politikken vil, om Dei Grøne får styre, gjere det både enklare og meir lønsamt å leve miljøvennleg. Ein grøn, offensiv samferdselspolitikk skal hjelpe alt frå bestemødre, småbornsfamiliar, handverkarar i distriktet og rullestolbrukarar til å kome seg fram med dei miljøvennlege transportmiddela som høver best.

Me vil invitere representantar frå oljenæringa til ein oljekommisjon, som skal peile ut verkemiddel og nye løysingar for Noreg etter oljealderen. Med dette som utgongspunkt vil me starte ein føreseieleg og gradvis utfasing av petroleumsnæringa innan 2035. Det er om lag like lang tid som det tok å byggje oljenæringa opp - og den gongen hadde me både lågare kompetanse og mindre pengar til å starte med.

Dei som leverer indirekte til oljenæringa skal stimulerast med heile det politiske verkemiddelapparatet til å heller levere til grøne industriar, slik som nullutslepps skipsfart, sirkulær industri og havvind. Alle som jobbar direkte med oljeproduksjon og har kompetanse med låg overføringsverdi, skal få tilbod om omskulering, og sjølvsagt trygge velferdsvilkår i overgongsfasa, eller ei sluttpakke og tidlegpensjon for dei det er aktuelt for. Me anerkjenner at oljearbeidarane har bidrege med mykje bra for Noreg og norsk velferd, og vil dei skal kunne forlate næringa med verdigheit.

I tillegg vil me styrke verdas klimaomstilling, både gjennom å eksportere grøn teknologi, og ved å auke norsk klimabistand.

Noreg er ein stor oljenasjon, og den oljenasjonen med rikast befolking i verda og det største statlege pensjonsfondet. Det gir oss eit særskild ansvar for å levere ei klimaomstilling som minst leverer eit gjennomsnittleg tilstrekkeleg bidrag til verdas klimaomstilling i omfang og tempo, og i rettferdas namn - helst ein del betre. Det finst jo land med dårlegare føresetnadar enn oss. Og me gjer det like mykje for oss sjølv som for andre.

Det er på tide å gje borna ei framtid å glede seg til. Status er at me styrer mot tre- fire graders oppvarming og ni meter havstiging, og har tida til 2030 på oss for å halvvere verdas klimagassutslepp. Deretter har me tida til 2050 på å kome i netto null.

Altså er det på tide å få rumpa i gir.

Kommentarer til denne saken