Det er nesten ikkje til å tru, men det har altså skjedd igjen. Industrien og privat sektor har fått betre lønnsutvikling enn offentleg sektor i 2020.

Tal frå teknisk beregningsutvalg (TBU) viser at fleire sektorar har gått langt ut over ramma til frontfaget. Industri 2,25%, finans 3,2% og varehandel 3,6%. Dette er provoserande for sjukepleiararne, men det er også kritisk for samfunnet vårt.

I Viken er det 23.000 sjukepleiarar og jordmødre som arbeider i kommunar, sjukehus og andre helseinstitusjonar. Dei har gjort ein svært stor innsats under pandemien, men også før pandemien. Vi har eit kjent likelønnsproblem for fleire med universitets- og høgskuleutdanning i helsesektoren. Dette resulterer i at mange sjukepleiarar slutter i yrket, fordi dei ikkje får lønn for kompetanse og ansvar. 1 av 5 sjukepleiarar forlet yrket før det har gått 10 år.

Det er vanskeleg å forklare medlemmene at heller ikkje i koronaåret 2020, var det rom for å rette opp i det at lønna til sjukepleiarar, helsesjukepleiarar og jordmødre ligg langt under det som er vanleg for tilsvarande utdanningsgrupper i privat sektor. Men vi måtte vere lojale mot frontfagsramma både i kommunar og sjukehus. Frontfagsramma var på 1,7 prosent. Dersom vi ikkje var lojale mot frontfaget, ville det gå dårleg med landet vårt, var argumentet.

Våre medlemmer i kommunesektoren var svært misfornøgde etter at dei kun fekk 1.400 kroner i lønnsauke i fjor haust. Dei stemte nei til oppgjeret og NSF gjekk til mekling. Der fekk vi ikkje noko meir, fordi KS og regjeringa sa at det rett og slett ikkje var rom for å gå ut over frontfagsramma. Medlemmane som har stått i front i kampen mot koronaviruset i tillegg til den vanlege jobben, kunne ikkje få meir, vart det sagt.

No i ettertid viser TBU-tala tydeleg at frontfagsmodellen ikkje bidreg til likelønn. Den fører ikkje til at vi løyser utfordringane med å rekruttere og behalde sjukepleiarar og andre fagpersonar til offentleg sektor.

Dette er kritisk for samfunnet vårt. Vi mangler over 6.000 sjukepleiarar, og talet er aukande. Berre i Viken mangler vi over 1.100 (tal frå Nav).

Norge har bestemt at helsetenesta skal tilbys ute der folk bur, og det betyr at det må vere ein viss standard på lønn og arbeidsforhold som blir tilbudt ute i kommunar og på andre arbeidsplasser. Vi treng ikkje vere lønnsleiande, men vi treng å få lønn for utdanning og ansvar.

Sjukepleiarar har eit stort ansvar og lønna står ikkje i forhold til dette. I dag er det mange som takker nei til jobb som sjukepleiar fordi lønna er for låg. Vi må snu utviklinga slik at vi får tilbake dei som har forlatt yrket, og vi må få ungdommane til å sjå ei framtid i helsetenesta.

Det er på tide at lojaliteten blir snudd mot det som er samfunnskritiske funksjoner og det som sikrer befolkningen trygge helsetjenester.

Som fylkesleiar for 23.000 medlemmer forventer eg at sjukepleiermangelen blir tatt på alvor framover. Eg unner varehandelen og industrien det dei har fått, men at frontfaget blir brukt mot våre grupper, det finn vi oss ikkje i.

Det er snart eit nytt lønnsoppgjer og vi skal kjempe for rettferd og likestilling. Vi kjemper for faget vårt, og for eit trygt tilbud til befolkningen.